– Vi ønskjer oss ei dagleg rute mellom Hovden, Kristiansund og Trondheim. Det tek vi no opp i eit brev vi sender i samband med Widerøe sitt ruteprogram for perioden 2012-2016, seier Odd Magne Vinjevoll.

Han er sekretær i Utviklingsforum Hovden lufthamn. Sentrale namn som Stig Remøy, Terje Høybakk, Svein Gjelseth, Richard Grov, Arild Iversen og Rune Hovde har signert brevet saman med Vinjevoll.

Det var før påske samferdselspolitikar Oddbjørn Vatne sette ein støkk i fylkespolitikarane då han fortalde at han hadde blitt kalla inn til eit møte med Avinor.

Her fortalde Avinor at dei hadde fått i oppdrag av regjeringa å lage ein ny flyplasstruktur, med færre flyplassar enn i dag.

Følg smp.no på Facebook

Auke

Odd Magne Vinjevoll nektar å tru at Ørsta/Volda lufthamn Hovden er i faresonen.

– Vi aukar frå år til år. I fjor hadde vi 122.000 reisande. I år blir det nok 130.000. Flyplassen er svært viktig for næringslivet. Det er planar om nye utvidingar her, mellom anna bygging av nytt tårn, seier Vinjevoll.

Medan vi står utanfor terminalbygninga kjem ei ny ladning med reisande frå Oslo-flyet. Ein av dei er Trond Aukland, student i Volda, som har vore heime på påskeferie i Mandal.

– Eg nyttar stort sett alltid flyplassen her når eg skal til og frå Volda. Eg trur at det å ha ein flyplass i nærleiken er viktig for unge når dei skal velje studiestad, legg Aukland til.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Fleire fly

Det er musikk i øyro til Odd Magne Vinjevoll, som gjev Aukland i kort innføring.

– Flyplassen har hatt ein formidabel trafikkauke dei siste åra, har nest størst trafikk av alle landets kortbaneflyplassar, har desidert flest passasjerar pr. avgang og den beste regulariteten. Økonomisk er det ein av kortbanelufthamnene som er nærast til å vere sjølvfinansierande, ramsar Vinjevoll opp.

I dag er morgonflya frå Ørsta/Volda ofte fulle.

Difor ber Utviklingsutvalet om eit nytt morgonfly halv åtte til Oslo, og eitt klokka åtte til Bergen. Og så vil dei altså ha ein dagleg avgang til Kristiansund og Trondheim, med retur.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no