Dette seier seksjonsleiar Dag Hole i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Onsdag vedtok Sør-Trøndelag fylkesting å krevje ferjebillett også av folk med elbil. Denne omlegginga skal skje frå 1. juni.

Stolar ikkje på staten

Alternativet til likebehandling med dei som køyrer bil med bensin- eller dieselmotor er at staten refunderer inntektstapet på dei som er med ferja gratis.

Men at staten går inn og kompenserer har trønderane lita tru på. I fjor kravde ferjeselskapet 2,5 millionar kr for tapte billettinntekter og i år er det venta at summen doblar seg.

Har kravd vederlag

I Møre og Romsdal har ferjerederia kravd vederlag for tapte billettinntekter, og Dag Hole seier at den saka er til handsaming.

– Det er ikkje tale om nokon stor sum, opplyser han.

Leiaren i ei pendlarforeining i Sør-Trøndelag har opplyst at dei i alle fall vil ha dagens fritak fram til 2017.

I Møre og Romsdal har ferjerederia kravd vederlag for tapte billettinntekter. Men det er altså ikkje planar om la elbil-sjåførane ta rekninga. Arkivfoto: Knut Arne Aarset