Store møbelbedrifter i Sykkylven slit med dårleg lønsemd og lite eller ingen vekst. Aasen er uroa over situasjonen i møbelnæringa, og sendte brevet rett før påske. Difor hadde ikkje Mæland fått det på bordet sitt enno.

Det rekna sykkylvsordførar Petter Lyshol (H) med, og hadde difor med seg ein kopi av brevet då han møtte Mæland i Ålesund denne veka.

Sa ja

– Ho las brevet, og sa at vi sjølvsagt skulle få eit slikt møte med henne i Oslo, seier Lyshol.

Han og Aasen er særleg opptekne av at det ikkje er funne plass til Sykkylven i ordningar som skal hjelpe på utfordringar for næringsliv og lokalsamfunn i distrikta.– Bedriftene i Sykkylven må betale full arbeidsgjevaravgift, og kommunen er utanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte, skriv Aasen i brevet han har sendt til statsråd Monica Mæland.Og han legg til at situasjonen er alvorleg:

Kommunen og næringslivet jobbar knallhardt for å utvikle dei lokale bedriftene, men ser no at situasjonen er kritisk.

– Eg gjer dette fordi det er betre å vere føre var, forklarer Aasen til Sunnmørsposten.

Det er ein strategi Petter Lyshol er heilt einig i: – Vi kan ikkje vente til situasjonen blir den same som i Stordal, der mange næringsbygg i dag står tomme. Tiltaka må kome no, seier Lyshol.I brevet til næringsministeren peikar Aasen på kor utsett Sykkylven kommune er, der 44 prosent av arbeidsplassane er å finne i industrien – noko som er skyhøgt over landsgjennomsnittet på 10,6 prosent.

Sårbar

Samtidig har Telemarksforsking rangert Sykkylven som den nest mest næringsmessige sårbare kommunen i landet.

– Det fortel at hjørnesteinsbedriftene i Sykkylven slit med dårleg lønsemd og lite eller ingen vekst. Når dei lokale møbelbedriftene slit, rammar det ikkje berre eit sårbart lokalsamfunn, men det trugar heile den norske møbelindustrien, legg fylkesordførar Aasen til.

<strong>UROA:</strong> Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) er uroa over situasjonen i Sykkylven. Foto: ARKIVFOTO: STAALE WATTØ
<strong>GJENNOMSLAG:</strong> ordførar Petter Lyshol (H) fekk gjennomslag for eit møte næringsministeren.