– Når berre eitt av dei to store cruisereiarlaga vil bruke Seawalk, får vi ikkje nok bestillingar til å gå rundt økonomisk, seier styreleiar Robert Monsen i Seawalk Geiranger AS.

Den flytande gangbrua Seawalk vart montert i Geiranger i fjor sommar. Ifølgje dei private investorane bak, er gangbrua først og fremst eit miljøtiltak.

– Vi har kalkulert at ein kan redusere utsleppet av karbondioksid med 10 tonn for kvart skip som brukar Seawalk, seier Monsen.

Følg smp.no på Facebook

Billegast mogleg

Eitt av dei to reiarlaga som har flest skip i Geiranger, Royal Caribbean Cruise Lines, har tinga 30 fortøyingar ved Seawalk. Det andre selskapet, Carnival, har takka nei fordi prisen er for høg, ifølgje Monsen.

SEAWALK-SJEF: Robert Monsen er styreleiar i Seawalk Geiranger AS.

Carnival Corporation seier dei har vurdert å bruke Seawalk.

– Vi har sett på Seawalk Geiranger som eit alternativ for skipa våre. Basert på ei rekkje faktorar, har vi kome til at vi ikkje vil bruke Seawalk no. Det er likevel ikkje uaktuelt at vi kjem til å bruke Seawalk i framtida, skriv Kommunikasjonsdirektør Roger Frizzell i Carnival Corporation i ein e-post til Sunnmørsposten seint onsdag kveld.

Seawalk har litt over 30 bestillingar til saman i år. For å handtere låna som vart tatt opp for å bygge brua, er det naudsynt med 60 skip per sesong.

Fryktar for framtida

No fryktar Monsen for framtida til Seawalk. Han har sendt brev til Fylkesmannen med spørsmål om det er mogleg å tvinge reiarlaga til å bruke Seawalk.

– Om ikkje det finst, bør det vere mogleg å få det på plass, seier han.

– Vi vil ikkje vere med på å tvinge dei over på Seawalk. Det er eit fantastisk tiltak, men cruiseselskapa må få bestemme sjølve om dei vil bruke det, seier styreleiar Per Erik Dahlen i Stranda hamnevesen.

FYLKESMANNEN: Linda Aaram er miljøverndirektør hos Fylkesmannen.

Miljøverndirektør Linda Aaram ved Fylkesmannen opplyser at det er Sjøfartsdirektoratet som er ansvarleg myndigheit for slike saker, og at brevet burde vore sendt dit.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Sunnmørsposten lykkast ikkje i å kome i kontakt med rette ansvarlege hos Sjøfartsdirektoratet onsdag.