Reinertsen, Dr. Techn Olav Olsen, Snøhetta Oslo AS og Sintef er i gong med eit nytt forprosjekt for bru over Rovdefjorden, skriv Teknisk Ukeblad.

Flytande betong

Gruppa har jobba saman om fjordkryssingar sidan 2011 og meiner no det beste alternativet for Rovdefjorden er ei flytande betongrørbru.

Denne vil i så fall verte verdas første flytande rørbru som vert brukt som vegtunnel, skriv nettmagasinet.

Tanken om bru over Rovdefjorden vart lansert for fleire tiår sidan og er planlagd opna i år 2021.  Tidlegare forslag for kryssing av Rovdefjorden har bestått av ein kombinasjon av flytebru og høgbru. Men etter at Stat skipstunnel kom inn i Nasjonal transportplan er planane endra.

Inspirert av offshore

Den nye planen er altså å byggje ei betongrørbru som flyt på eiga oppdrift, utan fortøyyingar på botnen av fjorden - ein teknisk løysing inspirert av offshorenæringa. Dette har vore vurdert andre stader ved fleire høve, men vurdert som lite kostnadseffektivt grunna høg risiko ved slike nybygg.

– Sidan kryssinga over Rovdefjorden berre er 200 meter, er det ein ideell stad å teste ut teknologien, seier prosjektleiar i Reinertsen, Morten Bjerkås, til Teknisk Ukeblad.

Kommunedelplanen er allereie lagt ut på høyring. Gruppa skal no parallelt starte arbeidet med forprosjektet for rørtunnelen.