Ein av konsekvensane av klimaendringane kan bli eit langt høgare havnivå enn i dag.

– Det er semje i det vitskaplege miljøet om at vi må handle no, elles vil vi bli generasjonen som blir ansvarleg for å skape ei verd under vatn, seier Andreas Birnik, ein av initiativtakarane bak prosjektet.

Følg smp.no på Facebook

På nettportalen «World Under Water» kan alle som vil, sjå korleis deira by kan bli ramma av eit høgare havnivå. Framstillinga er basert på Google Street View.

– Gjennom åra har det vore mykje snakk om klimaendringar, men ikkje nok handling. Denne kampanjen skal ikkje berre gjere folk merksame på klimaendringane, men også gi folk ein plattform for å handle, seier Olof Lundström, som er ein annan av initiativtakarane til prosjektet.

Sei di meining om prosjektet i kommentarfeltet !