Video: Roar Kjølås

Her køyrer skuta i fjellet like ved eit oppdrettsanlegg

Politiet mistenker at skipsførar sovna på brua.

– Dette kunne blitt ei katastrofe, seier Roar Kjølås på Fjordlaks sitt oppdrettsanlegg ved Fausa i Storfjorden.

Ei sandskuta passerte med veldig liten klaring ute på enden av anlegget. Der klipte den eine forankringa til anlegget, før den køyrde i fjellet.

Sjå to videoar over

Hendinga skjedde ved Skotungneset litt før klokka 13 fredag.

– Om fisken hadde rømt, kunne det blitt ei naturkatastrofe i fjorden, seier Kjølås.

Sandskuta gjekk vidare innover til Valldal.

Der var politiet om bord og snakka med skipperen. Dei trur skipperen har sovna på vakt.

– Vi har ingen mistanke om promille. Det er grunn til å tru at skipsføraren kan ha sovna på brua, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt til Smp.no.

Politiet opplyser at dei kjem til å opprette sak og forfølgje dette vidare.

– Vi har også hatt kontakt med  Sjøfartsdirektoratet i saka, seier Ødegård fredag kveld.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Milliardprosjekt i Torvik får igjen utsett byggefrist

– Trenerer totalt for andre som vil utvikle noko her

– Eg likar ikkje å klage. Men det er påfallande at ei bedrift får halde det gåande i nærare tolv år utan å byggje noko som helst.

Ylva ruller inn over Nord-Norge

Meteorologisk institutt har utstedt ekstremværvarsel for stormen Ylva i Nord-Norge. Meldingen om uværets første skader kom tidlig torsdag. 

Politiloggen:

Mista førarkortet

Ein bilførar er fråteken førarkortet og politimeld etter å ha køyrt for fort i Skorgedalen i Vestnes.