Volda-ordføraren har arbeidd hardt for å vere med og løfte fram alternativet med bru over Voldsfjorden og E39 under Stigedalen.

– Eg vel å bøye meg fullt for valet som no er gjort. For Volda sin del vil vi uansett få E39 rett forbi oss, men midtre linje stod etter kvart fram som eit stadig klarare alternativ, hevdare Iversen.

– Det kunne fort vorte ein uheldig situasjon om dette nyhendet kom midt oppi opningsfersten, vurderer Iversen.

Kollega Rune Hovde i Ørsta er heller ikkje spesielt godt nøgd med avgjerda, men respekterer ho fullt ut.

Partiet hans, Ørsta Høgre, har gått ut og støtte midtre linje, medan Ørsta kommune sitt offisielle standpunkt er Kvivsvegen som førsteval.

– Eg ser det ikkje som aktuelt å gå til omkampar på dette for Ørsta sin del. Men vi var i ferd med å sjå gode nye samband og mulegheiter mot midtre Nordfjord, seier Hovde.