Han gjekk lenge inn for det såkalla s-alternativet, med E39 vidare sørover til Eid og Gloppen, før han valde å støtte det indre alternativet gjennom Stryn.

– Eg er veldig glad og letta for at det no er kome ei avgjerd. Det har vore uvisse og spenning, og no er eg glad for at det er kome ei avgjerd og at det er indre, seier Lødemel og legg til:

– Vi har fått stadfesta at indre er best. No skal Hjartåberget opne laurdag. Då er halvparten av vegen ferdig med E39-standard.

Lødemel meiner det då blir viktig å presse på for å få bygd både tunnel gjennom Utvikfjellet og bru over fjorden i Stryn, så fort som muleg.

Sjølv om vegen i Stryn allereie er ferjefri, rett nok utan E39-standard, meiner Lødemel det er viktig å få brua bygd raskt, slik at totalløysinga blir god.

  • Alt om E39-avgjerda: Erna Solberg: – E39 skal gå via KvivsvegenKvivsveggeneral: – Fornufta har sigraEid-ordførar: – Ser på Sogn og Fjordane som eit forbikøyringsfylkeLes også: Ordførarar vil ikkje ha omkampMidtreforkjempar: – Stigedalen i 15 år til