– For regjeringa er det svært viktig å få god framdrift i arbeidet med ferjefri E39. Vi lovde rask avklaring av traséval. Det er viktig for å gi klare signal om kvar ein skal planleggje vidare for ny veg, men også for dei områda der ein no får frigitt bandlagt areal som dermed kan disponerast til andre føremål. No er det opp til lokale styresmakter å posisjonere traséane inn mot neste Nasjonal transportplan 2018-2027, skriv Samferdsledepartementet i ei pressemelding som vart publisert klokka 06.00 tysdag morgon.

Utvikfjellet – bru – Kvivsvegen

Den nye vegen skal gå i tunnel under Utvikfjellet og med bru over Nordfjorden over Svarstad i Stryn. Utover det skal han følge dagens fylkesveg 60 mellom Byrkjelo og Grodås før han held fram via Kvivsvegen.

Solberg: – Stort lokalt engasjement

Statsminister Erna Solberg påpeikar at valet ikkje har vore lett.

Prisen vart avgjerande

Ifølge Regjeringa er det først og fremst pris som er årsaka til valet til regjeringa.

Regjeringa påpeiker også at vegen blir kortare med tunnel gjennom indre. Strekninga mellom Skei og Volda blir 87 kilometer og får ei køyretid på 65 minutt, ifølge pressemeldinga.

Lote–Anda fram til brua er på plass

Traseen over Anda–Lote skal nyttast fram til brua er på plass i indre, presiserer departementet.

Saka blir oppdatert.