Det seier tre blide vegvesensjefar i solskinet ved Hjartåbrua i Volda tysdag. Det har akkurat vorte allment kjent at statsminister Erna Solberg har peika ut indre linje som framtidig trase for E39.

Frå forbipasserande billistar kjem det jamt vekk tomlar opp, framom blide fjes frå opne bilruter.

Dei tre prosjektleiarane Dagfinn Rotevatn, Svein Skeide og Rolf Stormo er ute for å inspisere innspurten med den gedigne rasteplassen som er etablert like sør for inngangen til Hjartåbergtunnelen.

Fire år

- Kva tykkjer de om regjeringa sitt vegval?

- Vi berre planlegg vi, og ser til at planlagde og  godkjende prosjekt vert gjennomførte, startar Svein Skeide nøkternt og diplomatisk.

- Jau, det er kjekt at prosjektet vi har jobba med dagleg sidan første skotsalven i 2010, skal klassifiserast som europaveg, medgjev Rolf Stormo.

- Litt stas er det at vi har fått vere med og byggje både sjølve Kvivsvegen og dette omfattande ekstraprosjektet, når det no ser ut til å bli ein veg i europaklassen, supplerer Dagfinn Rotevatn.

Dermed har dei fått røykt ut at det altså ikkje er fritt for stoltheit og stas å ha vore med og bygd ein stamveg i nærområdet, alle desse tre i oransje trøyer er heimehøyrande på søre Sunnmøre.

Klikk på kartet for å sjå det større. Foto: Liv-Jorunn Håker Ottosen/Sunnmørsposten

Nye prosjekt

Men dei tre er opptatt av ikkje å bli oppfatta som politisk aktive i ein hittil oppheita lokaliseringsdebatt. Men etter ein svært hektisk innspurt no i dagane fram til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen skal opne  dette vegprosjektet komande laurdag, ser dei snart framover mot nye prosjekt.

- Vi er snart klare for nye utfordringar, anten det er her eller der. Men først og fremst gir vi oss sjølve lov til å vere nøgde med det vi saman med eit stort tal flinke arbeidarar har fått vere med på her, seier dei tre og hastar vidare frå stad til stad.

Finpuss her og finpuss der. Som bier frå blomst til blomst.