Birger Finvik frå Hareid vart ein av dei første som køyrde gratis gjennom Eiksundsambandet då det undersjøiske sambandet mellom Volda og Ulstein vart bompengefritt laurdag klokka 15.

– Det er ikkje noko som er betre enn dette. Det er tredje gongen eg køyrer her på ei lita veke, men første gong eg køyrer gratis, smiler Finvik.

Han var på veg til Sæbø saman med familien då Smp.no snakka med han.

Ministeren skrudde av

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen var til stades då Eiksundsambandet vart gratis å køyre, laurdag like over klokka 15.

Etter seks år der bompengeselskapet har nappa over 70 kroner ut av lommene til alle som har køyrt gjennom Eiksundtunnelen, var det endeleg slutt laurdag ettermiddag.

Klokka 15 slo samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) av bomstasjonen på Steinnesneset, og då var det slutt.

– For ein Frp-ar er det ekstra kjekt å vere med på slikt, sa Solvik-Olsen.

Trafikken i sambandet har vore langt større enn det som var venta på førehand. I forkant trudde ein bompengeperioden kunne bli på så mykje som 15 år. Sambandet enda opp med å vere nedbetalt etter under halve tida.

– Det viser at slike prognosar ikkje alltid stemmer, seier Solvik-Olsen.

Les også på Herøynytt: Blant dei første som køyrde gratis

Birger Finvik frå Hareid vart ein av dei første som køyrde gratis gjennom Eiksundsambandet. Foto: Knut Arne Aarset
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. Foto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset