26-åringen må betale 90.000 kroner i oppreisingserstatning til jenta og får ei fengselsstraff på fem år og åtte månader.

Dei to vart kjende gjennom veslesøstra til 26-åringen og saka gjeld to tilfelle av samleie. Det var mannen som tok initiativ til desse handlingane. I tillegg til samleia tok mannen også bilde som ikkje er lovlege.

Retten seier dette inneber ei ytterlegare krenking og gir den seksuelle omgangen eit grovare preg.

Tingretten meiner at den seksuelle omgangen ber preg av å vere planlagt frå mannen sin side. Etter det første samleiet sende han sms til jenta og uttrykte ønske om  at dei skulle gjenta den seksuelle omgangen neste gong jenta var på besøk der han budde.

Tredje gong

Dette var tredje gongen 26-åringen sit i retten i ei sak som gjeld seksuell omgang med barn. I september 2009 vart mannen ferdig med å sone sin første dom. Då gjaldt det seksuell omgang med ei jente i ein periode frå ho var 12 år og ni månader gamal til ho var 13 år og tre månader.

Knappe to månader etter at han var ferdig med å sone den dommen, forgreip han seg igjen.

Denne gongen mot ei jente på 15 år. I januar 2013 fastheldt Frostating lagmannsrett straffeutmåling på den saka og berre fire månader etter kom overgrepa han no er domfelt for.

Erkjente skuld

Mannen har erkjent skuld for overgrepa mot 13-åringen. Men han forklarte i retten at han ikkje huskar så godt det som skjedde fordi han rusa seg mykje på særleg rohypnol og hasj i denne perioden.

Tiltalte vart sett i fengsel i fjor sommar for overgrepet mot 15-åringen, og sa i retten at han etterkvart som han sona har innrømt for seg sjølv kva han gjorde og at det er denne gradvise erkjenninga som har gjort at han tilsto.

Spørsmål om forvaring

Retten har vurdert forvaring, men har under sterk tvil kome til at 26-åringen sin adferd og sosiale og personlege funksjonsevne fører til at faren for nye lovbrot ikkje er tilstrekkeleg til at vilkåret er oppfylt.

Då har retten lagt vekt på at mannen erkjenner ansvar, at han meinte jenta hadde krav på oppreisingserstatning og han var villeg til å betale ei slik erstatning.

Mannen har også erkjent at handlingane hans har alvorlege konsekvensar for andre.

Han har no eit sterkt ønske om å ta tak i livet sitt, endre seg og bryte med rusmiljøet han har vore ein del av. I personundersøkinga gir han uttrykk for at han angrar på det han har gjort.

Vanskeleg for jenta

Saka vart kjent ved at jenta sende eit bildet ho fekk frå mannen til veninner på sosiale medier. Ei av veninnene spreidde dette vidare og det er også veninner som har fortalt til andre på skulen om jenta sine opplevingar. Informasjonen nådde rektor som kontakta mor til jenta.

Spreiinga av informasjonen har gjort at jenta har vorte mobba, har fått dårleg rykte og fleire av veninnene henne har snudd henne ryggen.