Terje Bø er leiar for viltseksjonen i Miljødirektoratet. Pressefoto

Naturvernforbundet har meint at ulven som vart skoten i Sykkylven burde vore tatt hand om på ein annan måte.

– Ulvar går langt for å finne seg nye område og finne seg make. Ulven som kom til Sunnmøre vil ikkje finne make der og ville derfor truleg ha gått tilbake til Aust-Norge eller til Sverige. Der ville den då kunne blitt eit verdifullt genetisk birdrag, seier fagrådgjevar Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet.

Han har derfor fleire forslag til korleis ulven kunne blitt tatt hand om.

Fagrådgjevar Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet. Pressefoto

– Denne ulven tok mykje sau, det var betydeleg skade, og vi hadde i utgangspunktet større forståing for å felle denne ulven. Men i ettertid ser vi at det burde vore tatt DNA-prøve, seier Håpnes.

Han meiner det kunne vore tatt i bruk vaktarhundar for å avgrensa skade på sau. I tillegg meiner han det ville vere muleg å bedøve dyret og frakte det tilbake dit det kom frå.

– Urealistisk

Men i Miljødirektoratet meiner dei at desse tiltaka er urealistisk å gjennomføre for ulv sommarstid.

Seksjonsleiar Terje Bø i viltseksjonen seier dette berre hadde vore muleg om vinteren når det er snø.

Terje Bø er leiar for viltseksjonen i Miljødirektoratet.

– Dette hadde vore muleg dersom det ikkje var akutte skadar på husdyr, og dersom det var snø slik at det ville vere muleg å følgje individet over tid og finne det igjen. Om sommaren er dette heilt urealistisk.

Miljødirektoratet er einig med Naturvernforbundet om at denne ulven var verdifull.

– Men sauer i dette området har ingen erfaring med å bli følgd av vaktarhundar, og det finst heller ikkje hundar og gjetarar til å ta på seg eit slikt oppdrag. Det ville også vere ekstremt kostnadskrevjande, seier han.

Håpnes i Naturvernforbundet er ueinig.

– For å bedøve ulven må ein nærare, det forstår eg, men det er muleg, og det er ikkje prøvd i dette tilfellet, seier Arnold Håpnes.

Håper

I dette genetisk sjeldne ulvekullet er det no to ulvar att, så langt Bø kjenner til.

– Vi håper jo at dei blir ein del av den reproduserande ulvestammen. Men då må dei halde seg på matta, seier seksjonsleiar Terje Bø i Miljødirektoratet.

Dessutan reknar han med at foreldra vil halde fram med å produsere kull kvart år.

– Desse ulvane, som er genetisk ulik resten av ulvestammen, er også ettertrakta som make, seier Bøe.