Gjerde minner om brei semje i fylkestinget om at beste løysing er at dei tre høgskulane i Volda, Ålesund og Molde smeltar saman til ein høgskule.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har bede alle universitet og høgskular om å tenkje nytt om framtidig struktur. Ho er redd konsekvensane om vi ikkje klarer å stå samla.

– Dersom vi sjølve ikkje klarer å ta val, kjem andre og gjer det, seier ho og legg til:– Det er ikkje noko som er enklare å øydeleggje enn det som er splitta.

Går ulike vegar

Ho har registrert at Høgskolen i Ålesund helst ser for seg eit samarbeid med Høgskolen i Molde eller med NTNU i Trondheim. Samstundes orienterer Høgskulen i Volda seg sørover Vestlandet mot Universitetet i Bergen og høgskular på Vestlandet. Det er også eit nært samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde når det gjeld doktorgradsstudium i helse og sosialfag. Her var Høgskolen i Ålesund med frå starten av, men trekte seg ut.

Likevel ser ho det slik at ein raud tråd i ein ny høgskule for heile Møre og Romsdal, vil vere samarbeidet med næringslivet og fag som spelar på vår nye framtid, nemleg havet. Med andre ord ein høgskule med matnyttige fag som gjer at ein kan utdanne studentar med kompetanse som næringslivet har bruk for. Det vert og viktig å utnytte den statusen som Centre of Expertise gir.

– Vi er godt posisjonert og har mykje å spele på vidare, seier ho og legg til at det må gå an å ha eit nært samarbeid med NTNU sjølv om vi endar opp med ein felles høgskule i fylket.Ein felles høgskule må ha ein hovudadministrasjonen.

– Dei har klart det i Hedmark, der dei også har fire campus. I og med at Kristiansund i dag har ei avdeling under Høgskolen i Molde, kan det bli fire campus også i Møre og Romsdal i framtida, seier ho.

Regional utviklingsaktør

– Er dette ei sak som fylkespolitikarane eigentleg har noko med?

– Fylkeskommunen har ansvaret for dei vidaregåande skulane og fagskulane. Formelt ligg høgskulane under staten. Men fordi fylkeskommunen spelar ei aktiv rolle som regional utviklingsaktør, er framtidig struktur for høgskulane i fylket så absolutt noko fylkespolitikarane har noko med.Ho reknar med at spørsmålet om korleis høgskulane i Møre og Romsdal skal vere organisert i framtida, igjen vil kome opp som sak i fylkestinget, men ikkje før i oktober.

– Sjølv om temaet ikkje står på sakskartet i fylkesutvalet måndag, vil eg be om at spørsmålet vert teke opp, seier ho.

Skjebnesvangert

Ho brukar eit så sterkt ord som skjebnesvangert om framtida til dei tre høgskulane i Møre og Romsdal.

– Vi må for all del stå samla. Klarer vi ikkje det, vil andre ta over styringa. Sprik er farleg. Det må vi for all del unngå.

– Kva kan konsekvensane i sin yttarste konsekvens verte om ein ikkje klarer å stå samla?

– I verste fall kan sjølvstendige høgskular forsvinne. Vi må ha for auga at splid og usemje kan øydelegge så utruleg mykje. Det må aktørane i dette spelet ha langt framme i pannebrasken, er åtvaringa frå fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde.

<strong>Ålesund:</strong> Høgskolen i Ålesund.
<strong>Volda:</strong> Høgskulen i Volda.
<strong>MOlde:</strong> Høgskolen i Molde.