Den symbolske handlinga gjekk føre seg på Nav-kontoret som er plassert i Ørsta. Kontoret opna dørene for to månader sidan, men tysdag formiddag var det klart for offisiell opning med arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) til stades.

- Dette er ein stor dag for å tenke nytt og innanfor det viktige samfunnsoppdraget de fekk 1. juli 2006, sa Eriksson i talen sin til dei tilsette.

Trang fødsel

Han la vekt på at Nav-reformen frå 2006 fekk ein trang fødsel, og han takka alle tilsette som har gått på jobb med stoltheit og pågangsmot, trass mange negative medieoppslag.

- NAV er vår viktigaste reiskap for å lykkast i vår arbeids- og velferdspolitikk, slo han fast.

Fleire i arbeid

Oppdraget handlar om å få fleire i arbeid og færre på trygd. Det skal bli enklare for brukarane og forvaltninga skal bli meir effektiv.

- Dette kontoret er eit flott eksempel på at tenesta skal bli meir heilheitleg, effektiv og brukarvennleg, sa Eriksson, overtydd om at det store felleskontoret skal kunne hjelpe i større grad enn før, slik at fleire kjem i arbeid.

Kvardagsmennske

Statsråden siterte forfattaren Olav Duun sine ord "Kvardagsmennesket er med det og" for å understreke arbeidet til Nav lokalt.

- Nav står der og møter kvardagsmenneske kvar dag. Det kan vere sjuke, fortvila menneske som drøymer om arbeidslivet og de kan hjelpe dei vidare, sa statsråden som er oppteken av at lovverket må forenklast slik at det blir lettare for kvardagsmennska når dei  kjem inn døra og skal få hjelp.

Statsråden viste til eit utval som er sett ned, og han inviterte dei tilsette i Ørsta/Volda til å kome med innspel i arbeidet med gjere det lettare for kvardagsmennesket i systemet.

- De sit på ressursane og er nær menneska som skal hjelpast, sa Eriksson før han delte ut gåve til inspirasjon på vegen vidare.

Legohus

Han hadde med ei bok om utviklinga gjennom hundre år, men også ei noko uvanleg gåve: Eit legohus. Kontora i Volda og Ørsta skal byggjast saman til eit fellskontor, til felles kultur, og legohuset symboliserer dette arbeidet.

Eriksson er oppteken av at dei som jobbar i Nav må sjå bu- og arbeidsmarknadsregionen under eitt og kjenne godt til næringsliv og marknad.

- Dette kontoret kan bli ein suksess, seier Eriksson som har stor tru på å samle NAV-kompetansen i større einingar.

Forbilledleg

Assisterande fylkesdirektør i Nav Møre og Romsdal, Ørjan Haram meiner Nav Ørsta Volda har gjort ein forbilledleg innsats ved å slå saman kontora.

- De har teke ein risiko, og det har ikkje vore beinkløyvd å gjennomføre. Det har vore krevjande nybrottsarbeid, som eg er overtydd vil hauste stor gevinst, sa Haram og la til at det er innbyggjarane som vil tene mest på samanslåinga.

Ifølgje Haram vil innbyggjarane få tenester av høgare kvalitet, noko som vil føre til fleire i arbeid.

God erfaring så langt

Eli Grøtta er sjef for det nye Nav-kontoret og fortel om god erfaring dei to månadene dørene har vore opne.

- Det har gått veldig bra, og det er få som er misnøgde med at kontoret er flytta. Og alle dei tilsette er udelt positive, sa Grøtta og la til at det har vore krevjande og ingen ting kjem av seg sjølv.

Ordførar Arild Iversen i Volda fortalde at dei to kommunane undervegs hadde vurdert å følgje fjellvettregel nummer 8, som går ut på at det er inga skam å snu.

- Men eg er glad for at vi ikkje snudde i dette tilfellet og at vi prøvde litt til. Framtida vil vise om vi lykkast, sa Iversen.