Kommunebarometeret 2014  er ei samla måling av 127 nøkkeltal i norske kommunar, fordelt på 13 sektorar - og det er Kommunal Rapport som gjennomfører undersøkinga bygd på statistikk frå SSB og Kostra. Målinga er utført årvisst sidan 2010.

I år er det Høylandet kommune i Nord-Trøndelag som går til topps, framføre Lom, medan Halsa kommune tek tredjeplassen.

Ørskog kjem på ein sterk trettandeplass blant dei 428 kommunane i landet, medan Eid klatrar til ein 21.plass og Volda kaprar 37.plassen.

Høgt oppe i år er også Skjåk, Os (Hedm.), Snillfjord, Oppdal, Agdenes, Tolga og Vestby. Best av dei verkelig store kommunane er Bærum på ein 17. plass, skriv Kommunal Rapport.

Ørskog skårar blant anna godt på grunnskule, der dei åpenbart har gjort ein god jobb. Dei ligg også høgt på sektorane barnehage og helse, medan økonomi og barnevern trekkjer ned.

Eid får særs god karakter på grunnskuletilbodet sitt, og er her fjerde best i landet.

Skulebygda Volda gjer det best innan skulesektoren, medan barnehagar og økonomi trekkjer ned.

Dei fem beste kommunane i Møre og Romsdal:

3 Halsa13 Ørskog18 Nesset23 Stordal37 Volda

Dei fem beste kommunane i Sogn og Fjordane:

11 Leikanger15 Gloppen21 Eid32 Gulen39 Jølster

Eid har klatra på målinga kvart år sidan starten, og er no blant kommunane som er heilt oppe i den beste 5%-delen av alle norske kommuner.

På tenesteområdet grunnskule ligg Eid heilt oppe på 4. plass av landets 429 kommuner, og det gledar ordførar Alfred Bjørlo (V):

- Tala stadfestar at Eid kommune får svært mykje ut av kronene vi har til rådvelde, og at våre tilsette kan vere stolte av tenestene som blir utført. Det er også svært inspirerande å sjå at vi har klatra på målinga kvart einaste år - det tyder på ei kommune i positiv utvikling, seier Alfred Bjørlo.

- Slike målingar er ingen fasit, men hjelper oss å sjå vår kommune i samanheng med kva som blir gitt av tenester i andre kommunar, og få gode debattar om kva som skal til for å gi innbyggarane eit godt tilbod.

- Også i Eid har vi enno mykje å strekke oss etter, men det er ein inspirasjon og ein honnør til alle tilsette i kommunen at vi får så gode resultat ut av ressursane vi har til rådvelde, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Ålesund - som den største av kommunane i Sunnmørsposten sitt nedslagsfelt - finn du nede på ein 210.plass blant dei 428 kommunane i Norge.

Her er komplett oversikt: Kommunal Rapport sitt kommunebarometer

Eid-ordførar Alfred Bjørloer nøgd med at kommunen klatrar på målinga. Foto: Staale Wattø