Günter Stier frå Tyskland har fiska i 16 norske lakseelver dei siste 30 åra, men Bondalselva står fram som ein av favorittane.

– Med Hjørundfjorden og fjella rundt utmerkjer Sæbø seg på ein spesiell måte.

Stier hugsar godt då han fekk sine første laksar i Bondalselva, og at fangsten var større på den tid.

Betre tider

For bestanden av norsk villaks har hatt ei dårleg utvikling dei siste 30 åra. Tal frå WWF syner at innsiget av laks til norskekysten låg på 1,2 millionar laks i midten av åttiåra. I dag ligg talet på om lag 0,5 millionar. I fjor var eit lågmål, skal vi tru leiar i Bondalen elveeigarlag, Kenneth Hustad.

– Vi har heldigvis ein oppgang frå i fjor. Då sesongen starta 15. juni i år, fekk vi tre gongar så mykje laks første veka samanlikna med i fjor, seier Hustad.

Han opplev også at det framleis kjem bra med fiskarar til Sæbø.

– Det er veldig viktig med ringverknadene laksefisket gir for ei lita bygd. Derfor er vi heller ikkje så dyre på fiskekorta vi sel. Dei ligg på om lag 50 til 100 kroner, og grunneigarane sit at med 10 prosent, fortel Hustad, som meiner at billige fiskekort får turistane til å kome att.

Stamgjester

Og kjem att, det gjer dei. Jörgen Steinborn bur på Bondalselva camping og det gjer han kvar sommar. Etter ni veker har han endå ikkje fått fisk.

– Det er sjølve opplevinga med fiske i Norge som er det viktigaste, seier Steinborn.

Men før han er ferdig med å svare på kva som får han til å stå time etter time med fiskestonga, utan å få fisk, så nappar det til. Ein liten pjakk på nokre hekto blir slengt i land.

– Endeleg, seier tyskaren, som omsider fekk lønning for strevet.

Katastrofestemning

Otto Rødseth frå Tjørvåg i Herøy bur også på campingplassen rett ved elva. Med ein 2-kilos laks han fekk i morgontimane, syner han kjelda til lakseproblematikken i Noreg. Etter å ha plukka av dei fleste, er det framleis 8–9 lakselus som bit seg fast i fiskeskinnet. I dag reknast rømt laks og lakselus som dei mest alvorlege trugslane for villaksen.

– Ein kan ikkje skulde på oppdrettsnæringa og lakselusa åleine, men ein har sett at nedgangen i laksebestanden har sokke i takt med auka i oppdrettsnæringa seier Kenneth Hustad.

Trusselen for lusa er størst når smolten (lakseungane) blir smitta på veg ut i havet.

– Slik stoda er for villaksen i Noreg i dag er det katastrofestemning langs elvane, slår Otto Rødseth fast.

<strong>Biten av lusa:</strong> Dei fleste laksane som blir dregne på land i Bondalselva har om lag 20 til 30 lakselus, som et seg gjennom skinnet på laksen. Foto: Einar Fannemel
<strong>Biten av basillen:</strong> Günter Stier og Otto Kornfeld har høvesvis vore i Sæbø dei siste 17 og 30 åra. Dei hugsar då fisket i Bondalselva var betre, men trivst like godt på ferie i Noreg i dag. Foto: Einar Fannemel