Rovdefjorden kan kryssast med ei 1500 meter lang flytebru frå Koparnes over Bjørlykkeskjera til Saudeholmen. Der på holmen går vegen ned i ein spiral og inn ein 230 meter lang røyrtunnel som ligg 14 meter nede i sjøen og kryssar over til Breivika på Gurskøy.

Dette er den tekniske løysinga som går an å få til. Problemet er finansieringa av anlegget som er rekna til å koste  2823 millionar kroner eller vel 2,8 milliardar.

Kystverket godtek denne løysinga som heilt grei for skipstrafikken. Dei som går inn for fjordkryssinga  har kome til at ei 70 meter høg bru med 500 meter høge brutårn er utanfor rekkevidde. Så høg må ei bru vere over denne hovudleia.

Anleggsfirmaet Reinertsen som har vist korleis fjorden kan kryssast, viste løysinga  på eit møte i Ålesund i dag som Vanylven utvikling hadde kalla inn til. Sintef og Snøhetta er og med på forslaget.

Etter at prosjektet var presentert,  dreia diskusjonen seg om korleis dette kan betalast.   Det må vere ved bruk av pengar som elles går til å drive ferja, bompengar og direkte statstilskot, mellom anna  fordi  dette vert verdas første røyrtunnel for biltrafikk og for gang og syklelveg. Det er eit pilotprosjekt.