Det seier Hege Løseth, leiar for Støttegruppa etter 22. juli i Møre og Romsdal.

Ho meiner oppfølginga etter 22. juli i kommunane har vore av varierande kvalitet.

– Nokre fekk god oppfølging, men andre opplevde nok manglar i tilbodet frå kommunen sin, seier Løseth.

Følg vår direkteblogg om 22. juli-markeringa nederst i saka!

Erik Kursetgjerde, kommunestyremedlem i Sykkylven, AUFar og overlevande frå Utøya, er samd med Løseth.

– Eg har tidlegare peikt på at det psykososiale tilbodet i kommunane var for svakt. Mange kommunar er for små til å gi eit godt nok tilbod på dette området, seier han.

Treng kunnskap

Løseth ønsker likevel ikkje nokon konflikt med kommunane om kva som burde vore gjort annleis.

– Nei, no må vi sette oss ned og finne ut korleis vi kan ruste oss betre for framtida.Løseth meiner det er behov for meir kunnskap om temaet.

– Det burde absolutt vore forska meir på sorg. Folk reagerer så forskjellig når tragiske ting skjer, og det er vanskeleg å vite korleis ein skal handtere det.

Ho meiner det er viktig å skilje mellom samfunnet si sorg og den enkelte familie.

– For familiane er det personleg, det handlar om deira eigne. Det må vi ta tak i, og lære oss korleis vi skal handtere.

Ikkje seremoni

Tirsdag er det tre år sidan terroråtaka i Regjeringskvartalet og på Utøya.

– Eg veit om fleire frå Møre og Romsdal som skal nedover til Utøya. Øya var open for besøk i går, og er det også i dag, seier Løseth.

– Folk melder at det er viktig for dei å markere dagen her, seier Trond Blattmann, leiar i Nasjonal støttegruppe etter 22. juli, til NRK.

Årets markering er truleg den siste der øya framstår som ho gjorde 22. juli 2011. Til hausten startar truleg bygginga av minnesmerke og nye bygningar på øya.

– For enkelte vil det nok vere spesielt at dette er siste gongen før bygginga startar, men dette er også individuelt. Det er iallfall bra at planane til AUF er modererte, slik at litt av det gamle Utøya også vil vere der i framtida, seier Løseth.

Kransenedlegging

Det er ikkje planar om større lokale markeringar av 22. juli på Nordvestlandet, bortsett frå i Stryn.

– Men det blir nedlegging av kransar ved minnesteinane i Ørsta, Sula og Spjelkavik.

<strong>Siste året:</strong> Årets markering av 22. juli på Utøya blir truleg det siste der alle bygningane står slik dei gjorde 22. juli 2011. ?Foto: Vegard Grøtt / NTB Scanpix (arkiv)