Ifølgje bistandsadvokaten er familien til kvinna frå Ålesund som omkom i ulykka ved Fardal i Sogn i fjor sommar letta.

Han seier til NRK at håpet til familien er å få sleppe ei ny rettsrunde og få tid til å sørgje i fred.

Anken vart avvist fordi den dømde svenske bussjåføren ikkje sende inn rette dokument til Gulating lagmannsrett før ankefristen gjekk ut 1. juli.

Bussjåføren vart dømd til fem månader fengsel etter møteulykka mellom to bussar i fjor. To passasjerar mista livet. Ei kvinne frå Ålesund og ei kvinne frå Taiwan. Bussjåførens advokat Geir J. Kruge varslar at han kjem til å anke avgjerda til Høgsterett.