Mannskapet på kystvaktskipet «Njord» følger med i strandsona under tokta sine langs kysten. I sommar har dei sendt fleire rapportar til Fylkesmannen om det dei mistenker er ulovleg byggeaktivitet langs sjøen.

– Når vi ikkje kan avgjere der og då at bygginga er lovleg, sender vi ein rapport til Fylkesmannen og ber han følge opp saka, seier skipssjef Odd Inge Haravik på KV «Njord» til smp.no.

Til disposisjon

Han fortel at det ikkje blir køyrt eigne patruljar for å halde oppsyn med strandsona, men at dei registrerer moglege lovbrot på vanlege patruljer.

– Dette er kanskje ikkje det mange først og fremst forbinder med kystvakta?

Blir følgt opp

Haravik seier at oppsynet med strandsona utgjer ein relativt liten del av aktiviteten til kystvakta, og at han ikkje har grunnlag for å uttale seg om trendar og utvikling i strandsonebygginga.

– Men vi legg jo til grunn at det vi rapporterer om, blir følgt opp, og at det blir teke grep om bygginga er ulovleg. Det får vi også tilbakemeldingar frå Fylkesmannen på.

Bygging i strandsona. (Bildet er eit illustrasjonsfoto og er ikkje relatert til saka). Foto: Knut Arne Aarset