Forrige veke fekk politiet på Søre Sunnmøre tips om ein bil som køyrde vinglete i Furene. Patruljen frå Ulsteinvik rykte ut og møtte bilen i Botnen i Ulsteinvik. Då bilen vart stoppa, fekk dei sjå ein bil som var heller overfylt.

- Det viste seg at den var stappa full av bokseøl, sprit og sigarettar, fortel lensmann i Ulstein og Hareid, Odd Kulø.

I billen fann politiet 2000 boksar øl, 150-160 liter sprit, mellom anna 36 liter whisky og knappe 13.000 sigarettar.

- Det var lasta heilt oppunder taket, seier lensmannen.

Og det har ikkje vore sommar-late dagar for politiet sidan mannen vart stoppa. Mannen er alt komen i fengsel.

- Han fekk 21 dagars fengselsstraff og er alt i gang med å sone, fortel lensmann Odd Kulø.

Destruert

Alt av øl, sprit og sigarettar er allereie destruert.

- Og bilen er inndregen og vert nok klemt flat ein av dagane, seier Kulø.

Mannen er 22 år gamal og kjem frå Polen. Om han vert utsendt til heimlandet etter ferdig soning er det ikkje teke standpunkt til enno.

I tillegg til at bilen var full av smuglarvarer, hadde han også påskrudde falske skilt.

Lensmann Odd Kulø i Ulstein og Hareid. Foto: Torill Myren