Ein ting kan du vere temmeleg trygg på: Du får ikkje ein laksefiskar til å lovprise det varme sommarveret vi har på Nordvestlandet for tida.

Situasjonen for sesongen så langt på Sunnmøre, er dårleg fiske på grunn av tørke og lite vatn i elvane.

– Generelt har det vore lite vatn i elvane og dårleg fiske. Ved dei elvane som ikkje har smeltevatn, går fisken framleis ute i sjøen og ventar på regn, seier Jan Melseth som er leier i Sunnmøre elveeigarlag.

Følg smp.no på Facebook

Stengt allereie

Til dømes i Ørstaelva og Bondalselva er det allereie stengt for sesongen på grunn av lite vatn og fangst.

Melseth håpar fisket kan ta seg kraftig opp andre stader om det kjem ei skikkeleg bløyte.

– Mellom anna ved Solnørelva og Aureelva er det observert ein god del fisk  fjorden, påpeiker han.

Godt fiske nokre plassar

Unntaka frå den dårlege sesongen har vore elvar som Korsbrekkeelva i Hellesylt, Strandaelva på Stranda og Valldøla i Norddal.

– Eg var sjølv i Korsbrekkeelva for ei lita veke sidan. Då var vi tre mann som fekk 21 laks og pjakk på to til åtte kilo i løpet av dagen. Og det har vore fleire slike dagar, påpeiker han.

No ventar han - saman med andre ivrige fiskarar - på å sjå mørke skyer i horisonten.

– Ja, og gå ein heil sommar utan ei skikkeleg regnbye, vert for dumt for ein laksefiskar. Det er mange som går og er irriterte og ventar på nedbør no, avsluttar Melseth.

Leiar Jan Melseth av Sunnmøre elveeigarlag er ikkje nøgd med sommervarmen som gir lite vatn - og fisk i elvane. Foto: Privat