Ei tsjekkisk kvinne måtte seint onsdag kveld hentast med helikopter etter å ha brote foten på ein tur i fjellet søraust for Sæbø.

- Kvinna låg vanskeleg til i terrenget, og helikopteret måtte flyge inn med redningspersonell seinka ned i line, fortel operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt Arild Reite til smp.no.

Ho hadde berga seg frå å falle utfor eit stup ved å halde fast i ei rot, opplyser operasjonsleiar.

- Klokka 23.40 fekk vi melding om at helikopteret var framme ved kvinna og førebudde uttransport, legg han til.

Skadd fot

Ifølgje politiet skal kvinna sjølv ha ringt til folk som er lokaltkjent i området med beskjed om at ho hadde skadar i ein fot og trengde hjelp.

- Vi har ein politipatrulje på staden, men så langt har vi ikkje lokalisert kvinna. Det blir vurdert fortløpande kva tiltak vi skal setje inn, sa operasjonsleiaren klokka 22.20. Kort tid etter vart helikopter henta inn, og klokka 22.50 melde desse at dei hadde lokalisert kvinna:

- Ho er i ei fjellside ovom Hustadneset, kunne operasjonsleiaren fortelje om lag ti minutt seinare.

Måtte berge hjelparane

Dei to som kom til fots for å hjelpe, vart sjølv sitjande fast etter at ambulansehelikopteret hadde henta kvinna. Det vart bestemt at den alpine redningsgruppa skulle hente desse to til fots.

– Det er ikkje risikofritt å hente folk frå fjellsidene med helikopter. Dei to mennene vart sett på som fjellvande og i god form, derfor anmoda vi at dei skulle bli henta til fots.

Tok seg ut sjølve

Men då redningsgruppa kom til staden, torsdags morgon, hadde karane teke seg ut av det vanskelege området på eiga hand, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 21.37.

Har du tips eller bilde i saka? Tips oss på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!

Kvinna vart funnen i fjellet ovom Hustadneset, søraust for Sæbø. KART: GOOGLE MAPS