Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) informerte om ein konkret terrortrussel mot Norge torsdag, tre dagar før Norway Cup blir sparka i gang i Oslo.

Psykologspesialist er Unni Heltne ved Senter for Krisepsykologi i Bergen har følgande råd til foreldre og føresette som er engstelege før turneringa:

– Og så må vi oppfordre borna til å spørje om dei lurer på noko, legg ho til.

– Kan ikkje leve i konstant frykt

– Barna skal kose seg på turneringa, og ein terrortrussel skal ikkje øydelegge det. Leiarane må vere orienterte om utviklinga til ei kvar tid, og gi gode svar på spørsmål barna har, seier Heltne vidare.

Unni Heltne, psykologspesialist Foto: Senter for krisepsykologi

Ho presiserer at det ikkje er kome informasjon om tyder på at Norway Cup er mål for eit eventuelt terrorangrep. Men råda er også gyldige for dei som ikkje skal reise til turneringa.

– Ein del blir nok engstelege. Men vi kan ikkje ha ei befolkning som går rundt i konstant frykt for eit terrorangrep. Det ville ikkje vere til å halde ut.

– Gi barna sakleg informasjon

Heltne har jobba med barne- og ungdomspsykologi i ei årrekke, og er no dagleg leiar ved Senter for Krisepsykologi.

– Bør føresette la barna følge med på nyheitssendingar på TV og nettaviser?

Sender over 200 til Norway Cup

Idrettslaget Hødd i Ulsteinvik skal sende 13 lag og over 200 spelarar til Norway Cup.

– Det er jo naturlig å tenke Norway Cup når ein får vite om denne trusselen, det er jo enormt mange folk som skal nedover til Oslo dei neste dagane, sa dagleg leiar André Nevstad i Hødd til smp.no tidlegare torsdag.

Ingen tiltak

Generalsekretær Frode Kyvåg i Norway Cup seier at turneringa vil gå som normalt.

– Vi gjer ikkje noko ekstraordinært med tanke på dette. Vi har eit utmerka samarbeid med politiet og kommuniserer med dei, seier han til VG.

– Hadde vi meint det var uforsvarleg å dra på Norway Cup, hadde vi sagt det, sa fungerande politidirektør Vidar Refvik under ein pressekonferanse torsdag.

Politiet seier til VG at dei vil auke bemanninga ved Tall Ships Races i Bergen og ved Gladmat-festivalen i Stavanger.

Til saman deltek rundt 1.500 lag på turneringa, som startar søndag.

– Snakk med barna!

Barn får gjerne med seg meir av nyheitene enn kva vaksne er klar over, og Unicef har laga tips til korleis vaksne kan snakke med barn som blir urolege av væpna politi og skremmeade nyheitssendingar.

Dei oppmodar mellom anna til å fortelje sanninga, men å spare på detaljane. Små barn bør heller ikkje sjå på TV eller vere på nettet utan vaksne til stades, rår FN sitt barnefond.

Sjå alle råda i bildekaruselen øvst.