Familien Slettaløkken frå Isfjorden i Rauma har, som så mange andre i fylket, hytte på Bjorli i Lesja. Onsdag fekk dei ein mindre hyggeleg visitt, då ein hoggorm på sleipt vis sneik seg inn.

– Hoggormen prøvde å kome seg inn på badet, seier Anne Marte Grøndal Slettaløkken til Rbnett.

Ho ville ikkje utsetje lunsjen alt for lenge, og handla raskt.

– Ingen av oss var spesielt lystne på nærkontakt med hoggormen, så vi brukte langkosten. Ormen krøp inn i busten, slik at det var bare å lempe den ut, fortel ho til Romsdals Budstikke.