«Reiseglad jente (28) ønskjer eit krypinn i Ålesund medan eg skal studera sjukepleia. Foretrekk å bruke pengar på opplevingar så må bu rimeleg».

Slik lyder første del av annonsen til Alida Midtbo frå Hardanger. Ho meiner det er viktig å skilje seg ut.

– Eg kunne ha skrive at eg var ein sikker betalar, ikkje-røykjar og utan husdyr slik som resten gjer, men eg ville skilje meg ut. Også ville eg vere ærleg slik at det ikkje ringer folk og tilbyr meg ei forrykande flott leilegheit til 12.000 kroner i månaden, for så mykje er eg ikkje villig til å betale, seier ho.

Interesse

Alida fortel at det har vore stor interesse heilt sidan ho sette inn annonsen i Sunnmørsposten måndag.

– På få dagar har eg fått rundt tjue førespurnader og allereie har eg fire interessante bustader eg ser på. Alt frå ei på femten kvadratmeter med alt inkludert, der badet skiljast frå resten av rommet med eit forheng, til ei stor leilegheit i ein villa. På sistnemnde var det ei gammal dame som ønskte seg selskap og litt hjelp til å klippe plen og liknande, seier Alida, som ikkje har store krav til buplass.

– Eg treng ein plass som er rein. Eg bur ikkje i ei «sopphola», seier ho og legg til at størrelse ikkje er viktig.

– Også treng eg ikkje TV. Det har eg klart meg utan i åtte år, seier 28-åringen.

Oppleving

For Alida er ikkje det viktigaste å bu kjempeflott, men å kunne søkje opplevingar.

– Eg elskar å reise. Vanlegvis reiser eg på ein tur til utlandet to gonger i året. Ein gong om vinteren og ein gong om sommaren. Dei siste åra har eg mellom anna vore på Cuba, i Mexico og i Praha, fortel ho og legg til at ho også reiser mykje i Norge.

Gjort det før

Då Alida skulle finne leilegheit i Bergen for nokre år sidan brukte ho same framgangsmåte.

– Men då hadde eg også med i annonsen at utleiger fekk ei kasse med eple frå Hardanger med på kjøpet.

Alida tykkjer det er viktig å ikkje betale så mykje i leige at man «bur seg i hel».

– Med prisane i leigemarknaden i dag går store deler av studielånet til buutgifter. For meg er det ikkje morosamt å skulle skrape saman det vesle eg har til overs for å få mat på bordet og det trur eg ikkje andre tykkjer er kjekt heller.

Leiger, eig ikkje

Det er nemleg slik at studentar i stor grad leiger i staden for å eige. Og med høge leigeprisar samanlikna med studiestøtta norske studentar får, møter studentane eit vanskeleg leigemarknad.

– For studentar er det vanskeleg å vere på leigemarknaden, men slik har det vore i fleire år, seier Viggo Nordvik.

Han er forskar ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring.

– Det er nokon indikasjonar på at det er litt enklare på leigemarknaden i år sidan det er fleire privatannonsar ute enn tidlegare år, seier Nordvik.

Han trur ikkje studentar har blitt meir kravstore til fasilitetar enn tidlegare.

– Etter kvart når studentar får seg eit bilete over korleis ting er på bustadmarknaden, tilpassar dei seg situasjonen slik som den er.

Kort på kvar stad

Både Sparebank 1 og Krogsveen melder om stabile tall på studentar som kjøper i staden for å leige. Regionbanksjef i Sparebank 1, Turid Humlen, meiner langsiktige planar har mykje å seie for om studentar vel å kjøpe bustad.

– Om studentar vel å kjøpe er veldig avhengig av kor lenge dei blir i byen. Dei fleste vel å leie fordi dei berre bur i byen for ein kort periode, seier ho, og legg til at det likevel har vore ei auke av studentar som kjøper bustad dei siste åra.

– Dei siste åra har det vore eit stabilt lågt rentenivå og då tørr fleire å kjøpe. Fleire av dei som kjøper satsar også på å leige ut rom for å dekkje kostnadane.