– Ja, eg skvatt jo litt til då eg høyrde om det først. Men då eg begynte å tenke rasjonelt rundt det, kom eg til at eg ikkje er veldig overraska, seier stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) frå Ørsta til smp.no.

Han meiner trusselen som no kjem, er i tråd med dei trusselbilda Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) har offentleggjort tidlegare.

– Om ein tek det i betraktning, er dette som forventa.

Tilbake til Utøya

Fredric Holen Bjørdal var på Utøya då terroren råka 22. juli 2011.

Han påpeiker at det ikkje er nokon grunn til å kople denne trusselen til 22. juli-angrepet, bortsett frå at begge dreier seg om terror.

– Dette forsterkar nok vonde minne for mange, men alle har forskjellige måtar å reagere på.

Må ikkje få spreie frykt

Holen Bjørdal meiner det er viktig å ikkje la seg skremme av trusselen, men at vi må ta han alvorleg.

Han seier han har full tillit til vurderingane PST gjer.

– Eit av punkta dei fekk kritikk for etter 22. juli, var at dei var for lite opne. Det kan vere dei har teke konsekvensen av dette med denne offentleggjeringa.

Har ikkje lykkast

Terrortrusselen er kopla til radikale, islamistiske grupper i Syria. Fleire meiner det kan dreie seg om nordmenn som har reist til Syria og blitt radikaliserte.

– Eg håpar og trur at folk forstår at her er det snakk om skrudde ekstremistar, og at den gjengse muslim eller den gjengse syrar ikkje har slike haldnignar. Norske muslimar oppfattar trusselen akkurat som alle andre, og kan bli råka på same måten som alle andre.