Då Helge Hafås sprang i mål som førstemann på Hornindal stadion, var det for attande gong han vann det tradisjonsrike maratonet. Men tida på 2,58,11, er langt i frå hans personlege bestenotering som er under to og ein halv time.

- Forma er slettes ikkje bra. Forrige helg måtte eg bryte løpet i Jølster. Mjølkesyra kjem alt for fort om dagen, seier oldaren som har 165 maratonsigrar på merittlista.

Favorittsiger

Heller ikkje i dameklassa var det nokon overraskingar øvst på pallen. Dorte Foss frå Raufoss spring sitt fjerde maraton i Hornindal, og er også innehavar av løyperekorden.

- Eg er superfornøgd, og eg føler det nesten som ein siger berre å kome i mål, seier Foss, som sprang inn på tida 3,18,45 etter 42 kilometer i dei 25 varmegradene. Det er berre eit par minutt bak ”pers”.

Varmt

Den trur ho at ho hadde rokke under litt kjøligare omstende.

- Det var veldig trykkande i dag, og det blir tyngre å springe så langt i heten. Men eg kjem garantert til bake til neste år, seier Foss som synes løypene og omgivnadane i Hornindal er eineståande.

Les meir i papiravisa måndag.

Dorte Foss. Foto: Einar Fannemel