Søndag fortel politiet at det vore totalt fire brannar på fjellsidene på Sunnmøre.

- Men det kan ha vore fleire. Det har vore ein del lynnedslag på Sunnmøre søndag. Kor mange er det ikkje godt å seie, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

Det har i dag også vore tre brannar i Eid kommune, og ein i Årdal.

Fire brannar

Lynnedslaga har ført til at høge område i fjellet med tørr vegetasjon har teke fyr.

- Brannvesenet har vore ute og undersøkt, men heldigvis har det vore medfølgande regn som i stor grad har slukka brannane, seier Harang.

Det har søndag brent i eit område mellom Vaksvik og Tresfjord, og på ei fjellside nært Straumsgjerde i Sykkylven. I Ørsta har det vore brann på to stadar: Øyahornet og Ytre-Standal.

Lyngbrann

Lyngbrannen i Vaksvik blei det meldt om klokka 16.00 søndag. Politi og brannvesen rykte ut. Brannmeister Frank Austdal fortalte klokka 17.45 at brannen hadde slukka seg sjølv ved hjelp av regn, og brannvesenet hadde ikkje lukkast i å finne noko.

- Patruljen som var der fortalte at det var som om himmelen opna alle slusar, fortel Harang.

Lynnedslag

Litt over klokken 16.00 sa politiet følgende til smp.no:

- Vi er på veg sammen med brannvesenet for å ta en vurdering på hva dette er og hva omfanget er.

Innehaveren av Vaksvikfjellet Camping fortalte klokken 16.30 at hun har snakket med folk i nærheten.

- Lynet skal ha slått ned, og to brannbiler skal ha kommet frem, sa Åse Kristine Farkvam Reite.