Martin Ekroll (21) og Syver Eriksen (19) frå Ålesund hadde planlagt ein fjelltur opp på Høgsvora i Vaksvik søndag. Då dei starta å gå i 12-tida på dagen, skein sola høgt på himmelen, og det var rundt 25 grader.

- Det var heilt herlig. Det fortsatt fram til vi kom opp på toppen, der vi sat i rundt tre kvarter og berre naut sola, fortel Martin Ekroll.

Men så skar det seg.

Les meir: Fleire brannar på Sunnmøre etter tordenver

Åtvarar

For omtrent 100 meter på veg ned att, møtte dei folk som åtvara om at det skulle begynne å regne.

- Dei første dråpane kom, og plutseleg ser vi lynet slå ned rett nedi dalen, fortel Ekroll.

Ikkje lenge etter kom drønnet, og dei oppdaga at det rauk frå lyngen. Dei ringte og varsla politiet om brann.

Les meir: Åtte måtte evakuere etter skogbrann

Rista i bakken

Det begynte deretter å lyne og tordne jamnt kvart andre minutt – rett framføre dei.

- Lynet slo ned 360 grader rundt oss. Vi kjente det rista i bakken. Vi berre venta på at det var vi som skulle bli truffe neste gong. Hunden var klissvåt, og skalv av redsle, fortel Martin og Syver.

Dei turte ikkje stå oppreist, og tok seg pause. Etter å ha venta ein halvtime, bestemte dei seg for å begynne å gå nedover. Den vettskremde hunden måtte dei bere på ryggen.

- Vi gjekk på toppen av eggen, og der var det så bratt at vi ikkje klarte å gå ned. Vi måtte skli ned på rumpa.

- Vanvittig

- Det var ei heilt vanvittig oppleving. På eit tidspunkt small det 50 meter rett framføre oss. Heldigvis gjekk det bra, og vi kom oss ned i god behold - sjølv om vi var klissvåte.

Dei fortel at dei har planar om å sjekke vêret betre til neste fjelltur, men at opplevniga ikkje vil hindre dei i å gå på fjellet igjen.