Kvart år rangerere NHO kommunane etter fleire kriterier i den såkalla norgesmeisterskapen for kommunar.

Kommunene blir rangert etter arbeidsmarknad, demografi, kompetanse, lokal berekraft/attraktivitet og kommuneøkonomi.

– Norske kommunar har svært forskjellige utviklingstrekk. Medan nokre opplever stagnasjon og tilbakegang, opplever andre kommunar press innan bosetting og infrastruktur, skriv NHO i ei pressemelding.

Følg smp.no på Facebook

Ulstein på topp

Ulstein er framleis fylkesvinnaren i kommune-NM, og ligg på 15. plass nasjonalt. Denne plassen har kommunen hatt sidan 2008.

Ålesund går ned frå 22.-plass til 26.-plass nasjonalt. Molde er den einaste bykommunen i fylket som går oppover på lista, og avanserer frå 45.- til 35.-plass.

Blant dei øvrige kommunene er følgande kommunar i Møre og Romsdal rangert blant dei 100 beste: Giske nr. 71, Sula nr. 79, Haram nr. 81, Volda nr. 90.

Varierande

Det er store skilnader mellom kommunane på korleis dei scorer på dei ulike indikatorane, og følgande kommunar scorer høgt på sammendraget for dei forskjellige kriteria:

Arbeidsmarked: Som følge av lav arbeidsløyse i fylket er 17 kommunar blant de 100 beste kommunene.

Demografi: 7 av 36 kommunar er rangert blant dei 100 beste: Giske, Sula, Ålesund, Ørskog, Skodje, Volda og Ulstein.

Kompetanse: 9 kommunar er rangert blant dei 100 beste: Ulstein, Sunndal, Haram, Molde, Volda, Aure, Ålesund, Tingvoll og Hareid.

Lokal bærekraft/attraktivitet: Her finn vi berre 5 kommuner blant dei 100 beste: Giske, Sula, Ålesund, Skodje og Ulstein.

Kommuneøkonomi: Her finn vi 4 kommunar blant dei 100 beste: Ålesund, Molde, Ulstein og Kristiansund.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Gode ålesundsregion

NHO legg også saman resultatet, og rangerer regionane i Norge.

Ålesundsregionen gjer det framleis bra i kåringa, og er landets 6. beste, ifølge NHO. Søre Sunnmøre er nummer 23 på lista, medan Romsdal er nummer 21.