Det maritime sikringsnivået er senka til nivå 1 på dei mindre utsette hamneanlegga. Nivå 1 er det same som normalnivået.

Øvrige hamner vil framleis ha sikringsnivå 2, opplyser Kystverket.

Nedjusteringa er ein konsekvens av at Politiets sikkerhetstjeneste (PST) har gått ut med informasjon om at trusselnivået i Norge er noko redusert.

Av sikkerheitsgrunnar har kommunikasjonsdirektør Solveig Moe Frøland i Kystverket ikkje anledning til å opplyse om kva hamner som framleis har sikringsnivå 2.