Ein mann i 60-åra er i Sunnmøre tingrett dømt for å køyrt i fylla på veg til legen ein morgon i 2013.

Han forklarte at han ikkje hadde drukke den morgonen, men tatt nokre pils kvelden før. Han visste ikkje kor mange.

Blodprøva viste ei promille på 1,58.

Mannen tilstod promillekøyringa, og vart dømt til fengsel i 21 dagar, ei bot på 25.000 kroner og tap av førarretten i to år.

Fullføringa av fengselsstraffa blir utsett med ei prøvetid på to år.