– Vi har stilt nokre spørsmål om ting vi meiner er problematiske til Statens vegvesen, som driv fylkesvegferjene for fylkeskommunane, seier ferjesjef Inge André Utåker i Norled.

Moglegheit til etterfylling av ferjekort via internett var ønska av fylkeskommunen då anbodet på ferjestrekninga Volda– Folkestad vart fornya i 2013.

Norled, som vann anbodet, meinte dette var problematisk av fleire grunnar.

– Vi såg mellom anna at det var vanskeleg å innføre dette på berre eitt samband. Poenget må jo vere at ein skal kunne fylle på kortet på nett, og bruke det på alle strekningar.

Fylkeskommunen la planane på is på Volda-Folkestad-anbodet, etter anbefaling frå Norled.

– Og det er vel der det står framleis. Ein må få på plass ein plan for korleis dette skal gjerast, og no ligg eigentleg ballen hos fylkeskommunane. Den tekniske løysinga er nok fullt mogleg å få til, seier Utåker.

Sunnmørsposten lykkast ikkje å få kommentar til saka frå Møre og Romsdal fylkeskommune verken onsdag eller torsdag.