– Alt tyder på at det var båten som vart stole på Hareid i løpet av helga som stakk av, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Arild Reite.

Då politiet fekk tips klokka 15:15 om at båten låg til kai ved Skarbøvika, reiste ein patrulje ut på staden. Men då vart båtføraren tydeleg skremt.

Høg fart

– Då vi nærma oss båten, drog båtføraren av garde i høg fart, seier Reiite, som meiner det var tydeleg at båtføraren såg politiet. Båten køyrde ut av Steinvågsundet, og i retning Giske og Valderøya.

Politipatruljen reiste då ut på Valderøya, for å prøve å få ny kontakt med båten. Då vart han på ny observert midtfjords mellom Valderøya og Giske.

– Vi lukkast ikkje å kome i kontakt med båtføraren. Då vi hadde forsøkt ei stund, var det andre oppdrag som måtte prioriterast seier, Reite.

– Vi såg kva retning båten tok, og vil fortsette å leite når vi får anledning. Det er førebels ingen mistenkte i saka, men det vil bli etterforska, seier operasjonsleiar Reite.

– Heilt latterlig

Båten skal vere av typen Selva F6,5 med ein Suzuki påhengsmotor på 115 hestekrefter. Båten er 21 for lang, skreiv Vikebladet Vestposten tidlegare i dag.

Eigaren av båten, Alf Erik Bjåstad var ikkje klar over at båten var observert, då Sunnmørsposten ringte han onsdags kveld. Han synes det var synd at tjuven klarte å stikke av.

– Det hadde vore kjekkare om dei hadde fått tak i han, seier Bjåstad, som kanskje ikkje var så overraska over at politiet ikkje fekk tak i han frå land. Bjåstad vart forbanna då han oppdaga tjuveriet.

– Det er heilt latterlig at det går an å gjere slikt. Vi stolar på kvarandre her på Hareid. Småplassyndromet kallar vi det. Det er unødvendig å øydelegge tilliten på den måten. I fjor vart båten til svogeren stolen ved Ulsteinvik. Også den dukka opp att ved Ålesund.

– Eg håpar båten dukkar opp att snart, seier han, og fortel at det både låg fiskeutstyr, våttdrakt og ein bananbåt om bord.