Utrykningspolitiet (UP) hadde torsdag tidleg ettermiddag fartskontroll i 60-sona på Hjelle i Eid. Det vart skrive 12 forenkla førelegg, og høgaste fart var mål til 80 km/t.

Seint torsdag ettermiddag hadde UP fartskontroll på fylkesveg 61 i 50-sona i Eidsvik. Det vart skrive fem forenkla førelegg, og høgaste fart var 69 km/t.

Dei har òg hatt fartskontroll på fylkesveg 61 ved Fiskå, i 60-sona. Der vart det skrive 31 forenkla førelegg, og eit førarkort vart kverrsett. Høgaste fart var 86 km/t.