– Vi har vore rundt og kika i dag, men førebels er det lite nytt å melde, seier operasjonssjef Arild Reite til smp.no like etter klokka åtte torsdag kveld.

Politibåten vart torsdag sett inn i arbeidet med å jakte på den stolne båten av typen Selva F6,5 med ein Suzuki påhengsmotor på 115 hestekrefter.

Observert ved fleire høve

Båten er 21 fot lang og vart observert i Skarbøvika onsdag. Då politiet dukka opp på staden, drog føraen av garde i høg fart ut Steinvågsundet i retning Giske og Valderøya.

Det var i Gjøsundet mellom Valderøy og Vigra at han vart observert på ny torsdag.

– Vi lukkast ikkje å kome i kontakt med båtføraren. Då vi hadde forsøkt ei stund, var det andre oppdrag som måtte prioriteras, sa Reite onsdag kveld.

Har han på blokka

Sjølv eter at politibåten vart sett inn i søket då dei starta opp att kring øyane i Giske torsdag, er det ikkje nokon som har meld frå om at dei har sett båttjuven.

– Nei, har er ikkje funnen enno. Vi har han på blokka til i morgon, seier operasjonsleiar Magne Kjønnøy seint torsdag kveld.