– Det er veldig mange målestasjonar med varmerekord, fortel meteorolog Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Allereie 25. juli kunne Meteorologisk Institutt melde om rekordmånad for minst 86 målestasjonar i landet.

Vigra, Ålesund, Tafjord, Kråkenes fyr, Ørsta/Volda og Fiskåbygd er intet unntak.

–  Særleg 9. og 21. juli har utmerkte seg som rekorddagar, seier Skjerdal.

Fire over normalen

Sjølv om heile juli har vore jamt varm, er det dei høge dagsrekordane som dreg opp snittet. For snittet er for alvor auka, fortel meteorologen.

– I Tafjord har middeltemperaturen vore 17,9 grader. Normaltemperaturen der er, oj, ja, 13,9; og fire grader er svært mykje.

Målaren i Tafjord har vore i drift sidan 1925, så samanlikningsgrunnlaget er solid. Den førre rekorden for snittemperatur på 17,6 var i 2003, som òg var eit rekordår, fortel Skjerdal. Den 9. juli vart det målt 32,3 grader i Tafjord, ikkje så langt unna rekorden på 33,8.

På Vigra vart det ikkje sett rekord, men snittet på 16,2 er langt over normalen på 12,5. Det var dessutan sett ny maksrekord på målaren som har vore i drift sidan 1958 – 28,6 grader har det vore på det meste i år.

Mange over 16 grader

I Ålesund har middeltemperaturen vore 17,2 grader. Det tidlegare rekordsnittet for juli var 14,9. Fordi målestasjonen berre har eksistert sidan 2009, finst det ingen normaltemperatur her. Det meste som har vore målt her juli 2014, var 29,5 grader den niande juli.

– Det er mykje. Det vanlege er 13-14 grader som snitt, seier Skjerdal.

Forklaringa på at det haldt seg varmt så lenge, og over heile landet, ligg i eit samanfall av fleire faktorar, seier meteorolog John Smiths til NRK.

– Vi fekk mykje varm luft frå det sørlege Europa. Dette kombinert med eit stabilt høgtrykk som blant anna kom av at dei såkalla jetstraumane i atmosfæra haldt seg i same bane over ei lengre periode, gjorde at det varte lenge, seier Smiths.

– Neste år vert ikkje så bra

Skjerdal trur det vert lenge til får sjå ein slik sommar på ny.

— Det har vore eit svært spesielt år, og det er lite sannsynleg at vi kjem til å få eit liknande år i nær framtid. Det er ofte stor variasjon frå år til år, seier ho.

I dagane framover er det vanta litt høgare temperaturar, med enkelte regnbyger særleg i indre strøk. Men det er truleg over for rekordsommaren. For skal vi tru Skjerdal, så står nemlig ikkje augustrekordane for fall med det første.

– Nei, ikkje den komande veka i alle fall. Dessverre så må eg nok skuffe dykk der. Men helga kan bli grei, med fine temperaturar og byger som lettar litt utover dagen laurdag.

Slik har juli vore:

Vigra:Middeltemperatur juli 2014: 16,2 (ikkje ny rekord)Normal: 12,5 Varmaste dag juli 2014: 28,6 den 9. juli

Tafjord:Middeltemperatur juli 2014: 17,9 (ny rekord, var 17,6 frå 2003)Normal: 13,9Varmaste dag juli 2014: 32,3 9. juli (rekord er 33,8)

Kråkenes fyr:Middeltemperatur juli 2014: 16,1 (ny rekord, førre var 15,9 i 2003)Normal: 12,5Varmaste dag juli 2014: 26,6 den 20. juli

Ørsta-Volda lufthamn:Middeltemperatur juli 2014: 17,8 (førre rekord var 17,0)Normal: 13,4.

Fiskåbygd: Middeltemperatur juli 2014: 16,6 (ikkje ny, rekorden er 16,9)Normal: 13,0Varmaste dag juli 2014: 29,4 (rekorden er 30,5 frå august oppstartsåret 1969)