– Det var mange oppdrag for dei som var omborg i skøyta i juli. Finevêret i den perioden kan nok forklare ein del av auken i talet på oppdrag, seier skipssjef Steinar Dimmen på RS «Emmy Dyvi» til smp.no.

Redningsskøyta, som har hovudbase i Fosnavåg, har hatt 51 oppdrag til no i sommar. Det er 20 fleire enn i same periode i fjor.

Til saman har 107 personar fått assistanse, mot 64 i fjor. Det viser tal frå Redningsselskapet smp.no har fått tilgang til.

Sleping

– Det blir ein del oppdrag frå fritidsflåten når vêret er så godt. Då er det gjerne snakk om oppdrag som sleping og tau i propellen, seier Dimmen.

«Emmy Dyvi» har hatt tre gongar fleire slepeoppdrag denne sommaren enn ifjor.

Fleire enn Måløy

«Emmy Dyvi» har dermed hatt fleire oppdrag enn naboskøyta «Halfdan Grieg» i Måløy/Florø, som har hatt 45 oppdrag i sommar.

Den har rett nok har assistanse frå den hurtiggåande skøyta «Simrad Buholmen», som har teke seg av 17 oppdrag. I fjor var det «Halfdan Grieg» som hadde flest oppdrag på Nordvestlandet.

«Erik Bye» i Kristiansund hadde ein liten auke, medan «Mærsk» i Molde ligg på same nivå som i fjor.

Sjå tala for alle skøytene på Nordvestlandet i diagrammet under.

Ser fram til 1. september

Den nye, hurtiggåande skøyta i Ålesund vart døypt 23. juni i år. Den har fått namnet «Det Norske Veritas II».

RS «Det Norske Veritas II» er namnet på den nye redningsskøya i Ålesund. Her frå dåpen i juni. Foto: Alexander Worren

– Den skal ikkje inn i operativ teneste før 1. september, men har likevel hatt to slepeoppdrag i sommar. Dette var oppdrag dei tok medan dei var ute på øvingsturar, seier kommunikasjonsrådgjevar Tanja Krangnes i Redningsselskapet.

Blir meir i Fosnavåg

På «Emmy Dyvi» ser dei fram til å få selskap av den nye skøyta.

RS «Emmy Dyvi»

– Det blir eit fint supplement. Den nye skøyta er langt raskare enn den vi har no, og er godt eigna når vi oppdrag langt inne i fjordane, til dømes, seier Dimmen.

Han trur «Emmy Dyvi» blir liggande meir på hovudbasen i Fosnavåg, og mindre i Ålesund når «Det Norske Veritas II» kjem i teneste.

– Vi skal ha to basar, som før. Men det er naturleg at vi fordeler oss litt utover, så «Emmy Dyvi» blir nok meir i Fosnavåg framover.