Dermed blir det ikkje opning av bompengeprosjektet over Tresfjorden for Solvik-Olsen.

– Landsstyremøte i Frp same dag er grunnen, seier prosjektleiar for Tresfjordbrua, Halgeir Brudeseth.

– Det er ikkje det at Solvik-Olsen ikkje vil opne ein ny bomveg?

– Nei da, det er heilt reelt at dei har landsstyremøte, seier Brudeseth.

Det er ikkje klart kven som i staden skal klippe snora.

– Det må de gje oss nokre dagar til på, seier Halgeir Brudeseth til smp.no.

Prosjektleiaren fortel at dei held på med asfaltering og med montering av lysmaster og rekkverk. Brua opnar 24. oktober.

Her kan du lese mer om hvordan bomsystemet vil fungere, og hvordan du skaffer deg AutoPASS-brikke. (Ekstern lenke)

Se også: Dronevideo fra Tresfjordbrua