– Det er eit storstilt arrangement, både i interesse og mediedekning, der vi verkeleg får vist fram fasilitetane vi har å tilby. Det at dei ønskjer å bruke Stranda på denne måten er ein stor heider. Men det vil bli krevjande, seier Jan Ove Tryggestad.

Begeistringa var stor då The Arctic Challenge presenterte planane sine for formannskapet på Stranda før jul.

Men Tryggestad seier sjølv at det vil verte vanskeleg grunna kommunen sin økonomi.

– Vi har enno ikkje fått avklart kva kommunen må stille med om dette skal bli noko av, men vi veit at det blir høge kostnader, legg han til.

Tek omsyn til det økonomiske

Dagleg leiar i The Arctic Challenge, Trude Lerfald, har i eit tidlegare intervju med Sunnmørsposten sagt at budsjettet deira ligg på ti millionar. Det dei vil trenge av støtte og investeringar lokalt, er estimert å ligge på mellom tre og fire millionar.

Lerfald er klar over dei økonomiske forholda i Stranda. Dette vert teke sterkt omsyn til under planlegginga av årets konkurranse, der dei vel å spisse konseptet, og heller la det vekse i åra framover.

The Arctic Challenge ønskjer nemleg å binde seg til den avtalte destinasjonen i tre år framover. Og per no er Stranda den einaste plassen dei er interesserte i.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ingen klare svar

Det var Terje Håkonsen, snøbrettkøyrar og grunnleggjar av The Arctic Challenge, som tok initiativ til å halde konkurransen i Sunnmørsalpane.

Før jul var han på synfaring på Strandafjellet.

– Vi har vore fleire turar på Stranda dei siste månadane, og vi er alle svært motiverte til å få til ein avtale der. Eit kriterium for oss er at kommunen og skisenteret på Stranda er like motiverte, seier Lerfald.

Om Stranda Kommune er med på eit slikt samarbeid, vil fleire av dei store snøbrettkøyrarane i verda samlast på Strandafjellet om knapt tre månadar.

Ordføraren i kommunen har enno ingen klare svar å gi.

På eit styremøte tidleg i desember vedtok The Arctic Challenge å halde fram med planen om å arrangere på Stranda.

– Akkurat no er vi nære ved å trykke på startknappen, men det er fleire ting som må på plass, seier dagleg leiar Trude Lerfald.

Les fleire nyheiter frå Indre her

Ordførar i Stranda Kommune har enno ingen klare svar på om det blir arrangert The Arctic Challenge på Stranda. Foto: Terje Engås