Sykkylven kommune har lagt fire slike bygningar ut for sal no.

Det var i fjor at kommunestyret i Sykkylven vedtok å legge fire kommunale eigedomar ut for sal. Dette er Hundeidvik skule, Jarnes skule, Jarnes barnehage og Ramstaddal skule - alle saman nedlagde.

No har Møre Eiendomsmegling fått oppdraget med å finne nye eigarar til desse fire eigedomane.

Ramstaddal skule har fått ei prisforslag på 1,2 millionar kroner. Jarnes barnehage er lagt ut for sal med ein prislapp på 1,7 millionar. Hundeidvik skule har ei prisforslag på 1,6 millionar – medan Jarnes skule er dyrast, med ein prislapp på 2,7 millionar kroner.