Dei produserer lunsjsandwichen «Pulled Hjort», der strimlar av lokalt hjortekjøt blir miksa saman med coleslaw, viltketchup og dressing, og lagt inn i eit urtebrød – og selde på KOS Kaffibar på Stranda og Det Lille Hus i Sykkylven.

– Skulen har dei siste månadane fått tak i cirka 30 kilo med lokalt hjortekjøt frå godkjende jegerar, men ettersom salet no nærmar seg 250 sandwichar, så har ungdomsbedrifta berre fire kilo med hjortekjøt igjen. Dette vil sannsynlegvis vare i tre-fire veker, fortel entreprenørskapslærar Ole Bjørn Hjellegjerde.

Både skulen og ungdomsbedrifta kontaktar difor no jegerar over heile Sunnmøre i håp om å få tak i meir kjøt.

Gjer som 25.000 andre - følg smp.no på Facebook