Trafikken over Sykkylvsbrua har for første gong gått ned, frå rundt 702.000 bilar til 693.000 bilar i fjor, skriv Sykkylvsbladet.

I tillegg har fleire el-bilar kryssa brua. I fjor var det 47.000 slike passeringar. El-bilar slepp å betale, og det gir eit årleg «tap» på 1,2 millionar kroner.

Dermed kan nedbetalingstida bli forlenga med eit år, seier styreleiar i Sykkylvsbrua AS, Rune Rokstad, til lokalavisa. Taksten er 37 kroner for personbil og 111 kroner for større bilar utan bomavtale.

Innkrevjinga av bompengar tok til ved årsskiftet 2000/01. Då fekk bruselskapet løyve til å ta bompengar i 15 år – med høve til å utvide innkrevjingstida med inntil fem år.

Brua har hatt større utgifter og mindre trafikk enn venta. Dette gjorde at dei fekk utvide bomperioden til 2017. Så langt har dei ikkje søkt om å få utvide til 2018.