– Eg ønskjer å etablere ein marknadskanal for lokale kunsthandverkarar, seier Linda Fausa.
Firmaet ho startar opp er retta mot eit internasjonalt publikum, og har fått namnet Made in Fjords AS.
Tradisjonelt og nyttig
– Det blir hovudsakleg sal av produkt innan ull, tre og stein, der stikkorda er lang tradisjon og nyttige bruksområde, forklarer Fausa,
Ho har sikra seg lokale i ei løe i Geiranger, vegg i vegg med bakeriet i bygda. Her opnar ho opp dørene i midten av mai, og held fram til ut i september.Men i tillegg skal ho drive sal på nettet, på si eiga nettside.
– Eg har alliert meg med produsentar i nærmiljøet. Til dømes Stordal Møbel, som syr plagg for meg, og treskjerarar i Valldal – og Ålesund og Omegn Geologiforening.
Fausa trur det er marknad for lokale produkt til turistane, at dei vil ha noko som er laga i nærområdet, og ikkje i Kina.
– I butikken kan kundane også få sjå prosessen, frå råmateriale til ferdig produkt. Kunstnarane blir inviterte til å kome til butikken for å fortelje om produkta sine.
Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook
Kurs i Geiranger-løa
I tillegg vil Fausa arrangere kurs i løa i Geiranger:
– Dette vil vere kurs som varer i eit par timar, og som difor passar for både cruiseturistar, campinggjestar og andre som er innom Geiranger i løpet av sommaren.
Her kan dei til dømes lære seg å spinne tråd, eller å lage trykk på skinn.
Linda Fausa kjem til å vere ein god del i butikken sjølv, men ho skal også leige inn fleire ungdomar. Dei skal både stå i butikken, og ta kundane med på guida turar ut i naturen.
Felles uteområde me bakeriet
Ho ser fram til å opne i Geiranger, og trur at naboskapet med bakeriet blir bra. Mellom anna skal dei ha eit felles uteområde.
Og skulle sommarvarmen utebli, så tilbyr ho varmepakken «Viking». Denne blir laga i Stordal, og består av ein cape, eit lite pledd og eit sitteunderlag, levert i ei juteveske.
Pleddet har skinnsnor og lommar og har fått namnet «lapwarmer», som også kan brukast som skuldervarmar. Dette er eit produkt som berre Made in Fjords sel.