Ein rusa sjåfør blei natt til onsdag teken av politiet i Geiranger etter å ha oppført seg truande mot to personar i ein annan bil. Mannen hadde ifølgje politiet krasja fleire gonger inn i den andre bilen i fart.

Sjåføren blei teke med for blodprøve og fekk førarkortet beslaglagt, før han blei sett i varetekt. Politiet opplyser også at dei gjorde beslag av to rifler frå bilen til vedkomande.

Væpna politi rykka ut

Væpna politi frå dei tre politidistrikta i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Gudbrandsdalen, rykka ut for å ta seg av situasjonen.

– Vi fekk først telefon frå dei i bilen foran om at ein bil som hadde kome bakfrå, var hissig med lysa og ga teikn til å ville forbi. Då dei stansa, hadde sjåføren i denne bilen kome ut og vore verbal og agressiv, fortel opersjonsleiar Borge Amdam ved sunnmørspolitiet til smp.no.

Personane skal ikkje ha noko kjennskap til mannen på førehand, og politiet vil avhøyre mannen for å høyre kva for motiv han hadde for framferda.

Søkte tilflukt ved hotell

Dei turde difor ikkje anna enn å køyrde frå staden, og fekk råd fra politiet om å søke hjelp ved ein hotell i nærleiken.

– Sjåføren køyrde etter dei, og skal fleire gjentekne gonger ha køyrt inn i bilen foran. Vi fekk kontakt med beteninga ved hotellet, som stilte mannsterke opp og tok seg av dei i bilen då dei kom fram dit, fortel Amdam.

På bakgrunn av informasjon om bilen, meinte politiet at den truande mannen kunne ha våpen med seg. Det er årsaka til at dei valte å væpne seg. Dei to som køyrde i bilen fortalde om ei svært skremande oppleving, men dei vart ikkje skadd på noko vis.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Pågripen etter ein dryg time

Politiet fekk først melding om hendinga ved 23.20-tida. Ein time og ti minutt etterpå var mannen i politiet sin varetekt.

– Det var ei patrulje frå Sogn og Fjordane som først kom til staden, og mannen blei då pågripen utan dramatikk, seier operasjonsleiaren.

Mannen blei sett i området, etter at han først hadde køyrt i retning Grotli. Men han skal ikkje då ha trua nokon direkte.

– Korleis er det at ein slik situasjon opppstår i Geiranger langt frå der politiet er stasjonert?

– Det er godt å kunne samarbeide på tvers av politidistrikta, og heldigvis var vegen via Strynefjellet ope. Vi er godt nøgd med å pågripe mannen såpass raskt, når vi er så langt unna. Men det er klart at det er ei utfordring, medgjer Amdam.

Samstundes rosar operasjonsleiaren beteninga ved hotellet for deira hjelp.

– Det er godt å ha handlekraftige folk å spele på, påpeiker han.