I Straumgjerde er ein industrieigedom på 11.665 kvadratmeter til sals.

– Det var Tema Bad som tidlegare hadde produksjon og montering i dette bygget, fortel Odd Arild Sæther, eigedomsmeklar i Møre Eiendomsmegling.

Han legg til at det er eigedomsselskapet som eig bygget som no har bestemt seg for å selje eller å leige ut industri-eigedomen.

– Det har meldt seg nokre interesserte, men ikkje noko er avgjort. Det er normalt at det tek si tid å få ei avklaring, anten det gjeld sal eller leige, av ein så stor eigedom, seier Sæther.

Han forklarer at bygget eignar seg godt både til lager og produksjon. Delar av bygget er i dag leigd ut. Salsprisen er sett til 17,5 millionar kroner.

Les flere nyheter fra Indre på smp.no