22. juli vart Telenor sin basestasjon for mobiltelefon på Røyrhus ved Hellesylt sett ut av drift på grunn av lyn og torevêr.

Det tok nøyaktig ei veke før den var tilbake att i drift.

Det er ikkje Inge Røyrhus, ein av bebuarane i området, særleg nøgd med.

– Vi er sjølvsagt letta over at dekninga er tilbake, men vi er kritisk til handteringa frå Telenor si side, seier han, og fortel at dei er fleire som har vore frustrerte over manglande dekning den siste veka.

Ikkje nøgd

Telenor reknar dei med at det var lynet som slo ut basestasjonen, men har ikkje full oversikt over årsaka for samanbrotet fredag kveld. Røyrhus meiner likevel at Telenor burde ta høgde for lyn og torevêr på denne tida av året, og sørge for å ha reservedelar klare.

– Det bør vere ei smal sak for Telenor å anten ha eige delelager, eller bestille deler raskt frå leverandør. Som næringsdrivande i jordbruket må ein av og til bestille delar frå maskin- og utstyrsforhandlarar. Dersom dette hastar, får ein det tilsend til neste dag eller høgst to dagar, seier Røyrhus av eiga erfaring. Han legg til:

– Eg har eit inntrykk av at Telenor prioriterer utkantane ned i slike saker. Har tilsvarande hendt i ein by eller tettstad, har det blitt reparert langt raskare.

Røyrhus fortel at ei veke utan mobildekning har vore frustrerande.

– Samfunnet er jo lagt opp slik at ein er avhengig av å ha mobiltelefon til ei kvar tid. Ein blir avskoren utan, seier han, og legg til at mobildekning også er viktig i beredskapssamanheng og akutte situasjonar.

Telenor beklagar

Kristine Meek er kommunikasjonssjef i Telenor. Ho fortel at frå driftssentralen såg det ut som at modemet var øydelagt. Samtidig fungerte sambandet, og Telenor vurderte det slik at feilen ikkje var svært alvorleg.

– Først og fremst må eg beklage at dette har tatt tid. Onsdag var vi oppe ved basestasjonen og installerte nytt modem. Då viste seg at det framleis var feil ved stasjonen, og nye delar vart bestilt, seier Meek.

– Vi må berre beklage at det har teke tid, og så håpar eg alle finn att summetonen, held ho fram.

Lynet kan blåse bort delar

Meek fortel at straumstyrken på eit lyn kan vere opptil 300.000 ampere. Leidningar kan smelte saman, og delar kan vere blåst bort eller brent opp. Det kan også oppstå mindre feil og ganske usynlege feil i utstyret.

Kva som er gjennomsnittleg rettetid ved basestasjonar har Meek ikkje tilgjengeleg.

– Når alvorlege feil kan oppstå, bør de ikkje vere fysisk til stades på basestasjonen allereie første arbeidsdag etter ei slik hending?

– Ikkje nødvendigvis. Ein basestasjon inneheld mange ulike delar, og eit lynnedslag kan ha skadd delar sjølv om det ikkje har treft sjølve basestasjonen, seier Meek.

– Inge Røyrhus meiner at Telenor ikkje prioriterer utkantane, kva kommentar har du til det?

– Telenor har flest basestasjonar i Norge, rundt 9.000. Og vi investerer fire milliardar kroner årleg i infrastruktur over heile landet. Det er den største investeringa eit privat selskap gjer på fastlandet i Norge, ifølgje Meek.

ILLUSTRASJON. Telenor sin sendar i Kalsethola. Foto: Knut Arne Aarset
Gardbrukar Inge Røyrhus. ARKIV. Foto: Knut Arne Aarset